Barn i risiko og oral helse
- eit tverrfagleg forskingsprosjekt
Forskingsprosjektet skal styrka tannhelsetenesta, barnevernstenesta og Statens barnehus i deira lovpålagte arbeid med å førebyggja, avdekka og ivareta utsette barn og unge. Gjennom tverrfagleg forsking skal ein auke kunnskapen og kompetansen knytt til utsette barn, deira orale helse og korleis samarbeidande tenester kan sikra barna tilrettelagt behandling og oppfylging.
Barn i risiko og oral helse utgår frå Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland, og inkluderer fleire ulike studiar:
Longitudinell studie
Nasjonal spørjeundersøking blant tannhelsepersonell i Noreg
Tverrsnittstudie
Nasjonal spørjeundersøking blant barnetannleger i USA
Samhandlingsstudie
Journalstudie, oral helse hjå barn og unge
Effektstudie
Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell – eit opplæringsprogram
Bakgrunn for forskingsprosjektet
Barn og unge som blir utsett for omsorgssvikt, i form av fysisk eller psykisk vald, seksuelle overgrep eller vanskjøtsel, kan få alvorlege og livslange fysiske og psykiske utfordringar. Førebygging, tidleg avdekking, samhandling og oppfylging er difor særs viktig.
Samanheng mellom oral helse og barn i risiko
Barn utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel har auka sannsynligheit for å ha nedsatt oral helse, auka tannbehandlingsbehov og tannbehandlingsvegring.
I tillegg har dei auka sannsynlegheit for å ikkje bli tatt med /møta til timar hjå tannhelsetenesta.
Hovud hals regionen er spesielt utsett ved fysisk vald.
Munnhola kan være utsett når det gjelder seksuelle overgrep mot barn.
Nedsett oral hygiene, omfattande hol i tennene samt unnlatelse av å søkja hjelp ved smerter eller skadar, kan gje indikasjon på at eit barn er utsett for vanskjøtsel.
Alle som jobbar med barn og unge, har ei lovpålagt opplysningsplikt/meldeplikt til barnevernstenesta.